110 frammøtte fekk med seg Guds velsigning på Palme-Olena

Friluftsgudstenesta på siste dag av Skudefestivalen var flytta til teltet ved Palme-Olena i år, som ellers i året går under navnet Bade-Olena.
Rett bak ryggen på prosten, Ove Sjursen hoppa dei første badegjestene på Bade-Olena i sjøen mens vind og regn frå nord ruska i teltet.
Benkene frå uteområdet til Råseglarlaget fungerte fint som kyrkjebenker, og i tillegg måtte 10-15 av deltakarane finna seg i ståplass.

Temaet denne søndagen var at Stavanger Domkyrkje er 900 år neste år, og bispedømet sender ein stafettpinne i form av ein velbrukt færing med mast og segl med eit avtrykk av alle kyrkjesokn i Rogaland Bispedøme.
Både Falnes og Ferkingstad har fått trykt sine segl øverst i toppen!
Govert Edvard Grindhaug har laga avtrykket for Falnes, og Lise Haugeberg har laga Ferkingstad sitt bidrag.

 

FOTO: SkudenesNytt

 

FOTO: SkudenesNytt

 

Songen i teltet på «Andersenbryggå» denne søndagen blei forsterka av medlemer av Skudenes mannskor. Det var som å vera på teltmøte på 70-talet!
Prost Ove Sjursen minna forsamlinga på alt som hadde hendt på dei 900 åra sidan Domkyrkja blei bygd, men ville særleg at me må bruka tida vår godt her og nå!

Det blei samla inn takkoffer til «Håpets kvinner».
Kantor Øystein Bredal tok turen frå Kopervik, ikkje minst for å avslutta ei fin gudsteneste ved havna med ein fin improvisasjon over « Tårnhøye bølger går»
Dei 110 frammøtte fekk med seg Guds velsigning ut til det som stod igjen av buer og kunstutstillingar!

FOTO: SkudenesNytt

 

FOTO: SkudenesNytt

 

 



Lokal annonse :

Du vil kanskje lese...