«Elefanten i rommet»

«Elefanten i rommet»

Under denne overskrifta møttest over 30 nysgjerrige tilhøyrarar i Frivillgsentralen sine lokale i Skudeneshavn tysdag kveld denne veka. Losje Gideon, IOGT, hadde invitert pensjonert fastlege Erling Vestre Åserud for å reflektera over haldningar til alkohol i samfunnet.

 

Han har i tillegg til 45 år som primærlege også undervist medisinstudentar i Bergen, drive førebyggande helsearbeid i Moss, og er stolt av å ha vore med på å gjera salongane på ferjene i Hordaland røykfrie før røykelova blei utvida i 2004.

 

FOTO: Arnfrid Vårvik

 

Åserud har i møte med ulike pasientgrupper erfaring for at sjukdom som stammar frå livsstil er vanskeleg å behandla. Vanar er tunge å endra. Folk som brukar alkohol regelmessig knyter bruken ofte mot feiring og fest innan idrett, arbeidsliv, familie, sosiale samanhengar, politikk og reiser, og finn samanhengen naturleg. Det er lett å bli moralistisk og upopulær når ein tar opp dette temaet.

 

Helsefaglege råd har inntil for 5-6 år sidan gått på at 1-2 glas vin dagleg er sunt. Antioksydantar frå druer og blåbær er godt for helsa, men alkoholen i dei ulike drikkane vil ingen lenger tilrå  som eit godt helseråd. I mange ungdomsmiljø er haldninga til alkohol i endring, og ein oppsøkjer aktivitetar og sosiale samanhengar der alle er edru. IOGT og andre organisasjonar som alltid har snakka varmt som edruskap, er ukjende for desse unge, men ein drar likevel i same retning!

 

Erling Vestre Åserud var glad for at alle fastlegar i Norge skal spørja pasienten om alkohol- og røykevanar. Om sanninga kjem fram er kanskje usikkert, men ein kan få ein samtale om eit tema som er svært personleg og ofte viktig i ein helsemessig samanheng.

Oslo Economics (jan.-22) stipulerer samfunnsutgiftene som følgje av alkohol til ca 100 milliardar, mest i form av tapt produksjon i arbeidslivet, tidleg død og helse- og omsorgsutgifter. Inntektene i form av avgifter og skattar ligg på ca 17 milliardar, altså eit stort negativt årsresultat!

 

Forsamlinga blei også minna om litt bibelhistorie.
Noa, som er mest kjend for å byggja Arken med alle dyra, dyrka druer som han laga vin av.
Sønene hans skjemdest av far sin, og fekk han inn i teltet og breidde eit teppe over han….

 

Åserud la fram fyldig statistikk på uheldige følgjer av alkohol som årsak til kriminalitet, vald, vanskar i familiar, sjukdom og avhengighet, men han poengterte fleire gonger i foredraget sitt at han vil bruka mykje tid framover på at «elefanten i rommet»  skal bli eit viktig samtaleemne. Kanskje dei unge viser veg til eit liv utan rus?

 

Etter foredraget kom spørsmåla og kommentarane tett, praten gjekk rundt borda med gode smørbrød og kaffi, og ein song både om å …  «vandre med freidig mot» og å «leve for hverandre» i dagane som kjem!

 

FOTO: Arnfrid Vårvik


Lokal annonse :

Du vil kanskje lese...

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet godtar du bruken av informasjonskapsler.  Les mer