Falnes kirke feirer 175 år

1.oktober 1851 blei Falnes kyrkje vigsla av biskop von der Lippe. Denne hausten er det 175 år sidan, og det ønsker vi å markere.
Allereie no i september blei 6.klasse invitert til aktivitetsløype i kyrkja. Dette var eit heilt nytt opplegg utarbeida av menighetspedagog Agnete, der 6.klassingane sjølve tok seg gjennom noko av historien med å velga seg ut postar i løypa.
Sokneprest Andreas Telhaug, som hadde tjeneste i Falnes frå 1928-1956, kjem også innom. Telhaug hadde stor interesse for skulen.
Han var prest i Skudenes under krigen, og la ned arbeidet sitt i protest mot nazistyret. Dei fleste prestane var med på dette, også kalla kyrkjekampen.


3 arrangement i samband med jubileet:

– 14.september: skule-\kyrkjesamarbeid for 6.klasse
– 4.oktober: Gullkonfirmantane blir heidra på gudstenesta. Aktivitesløypa blir lagt ut denne søndagen, slik at fleire får anledning til å teste ho ut.
– 18.oktober: T-messe i Falnes kirke og utdeling av barnebibel. Denne søndagen steller vi til bursdagsfest i anledning jubileet.

 

Falnes kyrkje, kort interiørhistorikk
Kyrkja blei bygd i 1851, etter standard Linstow typeteikning frå 1828.
Dvs utan vegg mellom skip og kor, berre eit rekkverk. Galleriet gjekk heilt fram til austveggen på nordsida, på sørsida var det avbrote på midten, med eit lite galleri på toppen av prestesakristiet i det søraustre hjørnet.
Synlege tømmervegger, panel i taket med bua overgang til vegg. Dette stod umåla til ca 1900, då blei veggene måla lyst gulgrå og taket  gråkvitt.
Preikestol, døypefont og altertavle er frå kyrkja før, bygd 1646 på Alvaberg (i nærleiken). Ei lysekrune frå 1709 blei òg flytta over.
Kyrkja hadde då plass til 600 personar. Ho hadde enkle furufjøler til benkar, med plass til ei rekke med ståande mellom kvar.
Så bytta dei på å stå og sitja gjennom gudstenesta. Benkene var plasserte i «båsar» med dør inn til kvar benk (som i dag).

Mange syntest kyrkja mangla utsmykning, første forslag kom i 1920, men vann ikkje fram.
I 1929 stifta lensmann Torkell Vinje «Kirkens Vell-forening», med formål å samla inn penger til «utbedring og utsmykning» av kyrkja.
Innsamlinga gjekk bra, og arkitekt Torgeir Alvsaker frå Bergen fekk oppdraget med å utforma det nye interiøret.
I 1938 var det meste på plass, og kyrkja såg ut om lag som i dag: Plater i vegger og tak, galleriet avkorta på nordsida, nytt dåps- og prestesakristi i kvart sitt hjørne framme, med vegger heilt opp til hovudtaket.
Mellom dei blei det då eit eige kor-rom, flankert av to nye søyler. Tak og vegger blei dekorerte i nyklassisk/funksjonalistisk stil (i fylgje Carl Egil Buch), med meir og mindre kompliserte rutemønster og gullstjerner.
Òg andre detaljar kom til, m.a. ein gesims mellom vegg og tak. Alt blei malt i nye fargar, sjølvsagt. Nye elektriske lysekruner og elektrisk oppmarming kom òg. Alt i alt framsto kyrkjerommet som nytt, med eit heilt anna preg enn før.

Benkene fekk nye seter og ryggar, men stoldørene blei behaldne, etter påbod frå kyrkjedepartementet.
Litt stod likevel att; etter krigen starta innsamlinga opp igjen, kyrkja fekk såkalla «katedralglass» på innsida, dvs farga glass i blyinnfatning.
Våpenhuset blei pussa opp i ny stil med nye trapper, ny hovuddør i teak, samt to nye utgangar frå våpenhuset.

 

Nytt orgel i 1995
I 1995 blei kyrkja pussa opp igjen, i samband med nytt orgel, først og fremst for å betra akustikken.
Dei porøse huntonitplaten i vegger og tak blei bytta ut med 22 mm bjørkefinér.
Dekoren blei sett tilbake, og alt blei måla i dei same fargane som før.
For å utvida korpartiet, som var svært trangt, blei det tatt vekk to benker på kvar side foran.
Bak blei det tatt vekk éin benk, for å gi plass til leikekrok.
I 2019 blei det takk vekk éin benk til foran, for å få plass til flygel i korpartiet.

Det er jo interessant i denne samanheng at  ein ikkje fekk lov å fjerna stoldørene i 1938.
Det tyder jo på at nokon hadde ynskje om å fjerna dei, det må vel truleg vore arkitekt Torgeir Alvsaker?
Dei framstår jo som eit framandelement i høve innreiinga Alvsaker teikna elles, som blei realisert.
Om originalteikningane hans lar seg oppspora er det jo ein spanande tanke å no kunne fullføre planane og få eit enno meir estetisk heilskapeleg rom.

Skrevet av Lars Inge Tjøstheim

 

Kjelder:
– Falnes kirke 100 år (Andreas Telhaug)
– Falnes kirke 150 år (Klassissime og funkis i skjønn forening, Carl Egil Buch)

 

 



Lokal annonse :

Du vil kanskje lese...

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet godtar du bruken av informasjonskapsler.  Les mer