Falnes og Ferkingstad takkar Jane Sandve!
Søndag 19. oktober markerte avslutning for Jane Sandve som kyrkjetenar for Ferkingstad og Falnes.
Etter gudstenestene i dei to kyrkjene var alle inviterte til kaffi og kaker i Kyrkjebakken.
Ein måtte leita fram både reservestolar og –bord for å gi plass til alle dei 90 som ville takka Jane for innsatsen gjennom meir enn 24 år.

Det store oppmøtet blir tolka som eit klart signal på at den folkekjære kyrkjetenaren blir sett pris på i begge sokna.
Soknerådsleiaren i Ferkingstad, Inghild Skeiseid Nordbø, våga seg frampå med ein spøk som sikta til den vanskelege økonomiske situasjonen som soknet har vore i dei siste åra, og trøysta forsamlinga med at Ferkingstad sitt bidrag bestod i pynten i vasane.
Visne strå, nyperoser, kvitbladtistel og åkersvineblom frå Sandhålandsanden gjorde seg godt, men var rimeleg, samanlikna med Falnes som hadde kjøpt både lys og serviettar!
Både ho og menighetsrådsleiaren i Falnes, Randi Elin Nornes Sæle, takka Jane Sandve for godt utført arbeid, god orden, god evne til å sjå alle, og oversikt over livet i kyrkja.
Ho fekk ros for å vera rask i vendinga, flink med reserveløysingar og ho har vore godt likt av publikum i sorg og glede i begge kyrkjene.
Kvar medarbeidar i staben brukte «OMSORG» som disposisjon for å finna gode stikkord som kunne beskriva ei god kollega som medarbeidar og medmenneske.

Kyrkjeverge Petter Losnegård hadde fått mange gode tilbakemeldingar på arbeidet Jane har utført, og han takka for at ho har sett på oppgåvene sine som viktige for kyrkja sitt arbeid i vår del av kommunen/ prostiet.
Han la også vekt på kontinuiteten ein oppnår ved at pålitelege arbeidstakarar i kyrkja knyter arbeidet saman når ulike stillingar skifter mannskap.
Blomane ho fekk representerte ei takk frå Karmøy Kirkelige Fellesråd.

Rolleinnehavarane i revyoppsetninga «Gnist» minna til forveksling om staben i Falnes og Ferkingstad, men den glimrande teksten og -framføringa vil nok ikkje oppnå nok stemmer i neste utgåve av Salmeboka!
Kostymar, stemmebruk og kroppsspråk ville scora høgt i profesjonell samanheng, men var denne gongen til ære for ei kollega som skulle få eit varig minne! Storarta!
Eit anna varig minne ville også soknerådet i Ferkingstad gi Jane saman med menighetsrådet i Falnes.
Ho fekk sjøl avduka gåva, som var ei heimelaga julekrybbe med eit godt utvalg av «Willow tree»-figurar.
Med dette skulle ho nå få lov å konsentrera seg om å pynta til eiga julefeiring, ikkje berre for kyrkjegjengarane!

Hovudpersonen heldt ein fin takketale og som avslutning på den trivelege kyrkjekaffien.
Etter alle dei gode kakene, kaffien og dei gode orda, gjorde staben ei gripande og velklingande musikalsk fleirstemt framføring av «Velsignelsen» av Tore Aas.
Takk for vel utført arbeid, Jane!
Skrevet av: Einar Vårvik




