Søndag føremiddag var det friluftsgudsteneste ved Fishermens Memorial på Ferkingstad.
Dei som var tidleg ute for å sikra seg gode, solide steinkyrkjebenker ved Fishermens Memorial denne føremiddagen, fekk ei solid regnbøye som opptakt til gudstenesta og preludium med «Anchors away» med Ferkingstad Skulekorps!

Korpset i raude jakker, prost Ove Sjursen i kvit prestekjole, og kyrkjelyden i alle variantar av sommar- og regnklede skapte eit fargerikt motiv til skumsprøyt og bølgjer mot bergknausane i vest.
Kantor Lars Inge Tjøstheim hadde skifta ut kyrkjeorgelet med trekkspel i fint samspel med skulekorpset under frisk salmesang i havgapet.

Tekstane, lesne av Anne Ferkingstad, handla om skaparverket, og prosten oppfordra tilhøyrarane til ikkje å grava seg ned i spekulasjonar på koss natur og menneske kan vera skapte av Gud og samtidig vera mykje eldre enn dei 6000 åra ein kan rekna seg fram til ut frå skapingsforteljinga i Bibelen.
Han la også vekt på at alt det skapte, inkludert alle menneske er blitt til slik Gud ville, og ingen av oss må godta at menneske og skaparverk blir skada og øydelagde av vondskap!

Trusvedkjenning, bøner og lovsong fekk ekstra tyngde og meining ute i frisk vind og natur.
Lydutstyret fungerte godt, og blei frakta i trillebåre av frivillige, som alltid er viktige ved slike arrangement!
Etter gudstenesta viste mange begeistring over flott «steinallé» langs stien, av naturleg plasserte steinbenker, og ikkje minst av den imponerande, store, mektige steintavla mellom parkeringsplassen og stien. Truleg eineståande i norsk samanheng! Folk snakka seg imellom om at «….dette må vera Ole Brumm….!»
«Gå i fred og ten Herren med glede!»





