Dette er et leserinnlegg. Innlegget gir utrykk for skribentens meninger og holdninger.
Du kan selv sende inn leserinnlegg til SkudenesNytt på epost her eller til inboksen på Facebooksiden.
Norske skuleungar er inne i ein dårleg trend når det gjeld lesing: Berre 50 % les på fritida, 60 % les berre når dei må.
Lystlesinga slit, den lesinga som gir deg gode opplevingar eller der du les om noko du faktisk er nysgjerrig på.
Skulen er viktig for å lære å lesa, men biblioteka er viktige for å hjelpe ungane med å finne bøker dei har lyst til å lesa.
1. juni starta Sommarles.no opp igjen. Denne årlege lesekampanjen rettar seg mot alle i barneskulen, for å få dei som er i starten av sitt lesande liv til å bruke litt av ferien på lesing.
Folkebiblioteka står i spissen for kampanjen, i samarbeid med skulane og organisasjonar som fremmar lesing.
Alt tyder på at dette er eit særs viktig arbeid. Lesing er grunnleggjande for å lære, for kommunikasjon og for å leike.
Ein må kunne lesa korte tekstar og lange tekstar, på norsk og på fleire språk. Sommarles.no er ein kampanje som gjer det ekstra morosamt å lesa!
Med digitale gevinstar, ei historie som dei kan lesa meir og meir av med kodar frå biblioteket og ikkje minst: fine premiar når dei når ulike nivå!
Vi som er vaksne har eit ekstra ansvar for at ungane ikkje mistar dei gode vanene dei har fått i skuleåret.
Ved å få dei med på Sommarles.no kan vi gje dei eit lite puff i rett retning!
Eg vil oppmode alle til å hjelpe ungane til å registrere seg på Sommarles.no-sida, og til å gå på biblioteket gjennom sommaren.
Dei fleste folkebiblioteka har ope om sommaren òg, bruk dei!
Skrevet av:
Vidar Lund, Leiar i Norsk Bibliotekforening
Ingrid Bie Helgesen, Leiar NBF Rogaland