IOGT, losjen Gideon inviterte Vinmonopolet til temamøte

Måndag kveld hadde losje Gideon invitert butikksjef ved Vinmonopolet i Kopervik, Synnøve Johannessen til eit temamøte i lokala til Frivilligsentralen i Sør-Karmøy.

Losje Gideon er den gamle fråhaldslosjen i Skudeneshavn som i si glanstid samlast i sitt eige lokale i Havn, «Vonheim», og var visstnok den mest talrike IOGT-foreininga i landet på 50-talet.

Både Skudenes Fjellag og Skudenes Blandakor har røter i denne organisasjonen.
Dei siste åra har foreininga vore relativt stillegåande, men har støtta rusfritt arbeid for unge og vaksne på Sør-Karmøy, ikkje minst «Ung Arena», som hjelper ungdom å koma gjennom vanskelege periodar i livet.
I Skudeneshavn-området driv Fredtun eit viktig ungdomsarbeid som får økonomisk stønad frå losje Gideon, men mange andre lokale organisasjonar får også positive svar på sine søknader!

Klatreveggen i Idrettshallen blei i stor grad finansiert av Gideon, med tanke om at slik spennande aktivitet vil vera førebyggande mot rusbruk!

Frivilligsentralen for Sør-Karmøy, med dagleg leiar Linda Thorsvik, er driven i IOGT-regi, og er eit veldig populært tiltak og møtepunkt for alle som vil i 2. etasje over Coop i Skudeneshavn.

Med dette som bakgrunn hadde 23 interesserte møtt fram i desse lokala denne kvelden for å høyra om kva Vinmonopolet og IOGT kan ha felles i synet på alkohol i samfunnet.

 

 

Synnøve Johannessen hadde merka seg at dørstokken til Vinmonopolet er høg for dei som ikkje brukar alkohol! Ho meinte at denne kundegruppa ikkje treng å skjemmast, fordi alle kurvene som viser konsum av alkoholfrie drikkar over disk på polet stig bratt oppover for tida!
Ho var klar over at i visse samanhengar kan det vera greit å markera at ein ikkje brukar alkohol ved å berre be om brus eller eplemost, men såg og verdien av å kunna tilby smakfulle alkoholfrie alternativ for «dei kresne»!

Ho tok fram det store politiske presset som kan enda med at matbutikkane får selja vin, slik dei i dag sel øl og rusbrus med opptil 4,7 % alkohol.
Dette vil i såfall kunna auka antal utsalsstader frå 400 til 4000 totalt i Norge.
Siderprodusentar som har eigne råvarer kan selja produkta sine frå eigen gard, og etter kvart søkjer også norske drueprodusentar om å få selja eigen vin, sjøl om EØS har eit eige regelverk som hindrar dette.
Dei kan selja vin som er laga av bær, men ikkje av druer. Vinmonopolet meiner deira fråverande profittmål og høge krav til kunnskap gjer dei best skikka til å selja alkohol i landet.

 

 

Leiaren i losje Gideon, Rune Birkeland sa seg einig i dette, men håpa at salstala ikkje treng auka i tida framover!

Butikksjefen hadde med seg 4 ulike, velsmakande alkoholfrie drikkar som forsamlinga fekk smaka.
Ho lova å ta godt i mot alle som kom til Vinmonopolet i Kopervik for å kjøpa gode alkoholfrie alternativ neste gong ein skal ha eit selskap! Ho avsluttar alltid ein handel med spørsmålet: « Du skulle vel ikkje kjøpt med deg noko godt alkoholfritt og?»

Etter eit triveleg temamøte med informasjon og spørsmål frå forsamlinga kom behovet for å løfta blikket og sjå rundt oss på dei som ikkje berre kan gå heim og leggja seg trygt i ei god seng.

«I natt jag drømde» avrunda ein triveleg kveld i Skudeneshavn med ønskje om eit godt liv for alle!

 

 

 



Lokal annonse :

Du vil kanskje lese...