Julegrantenning på nyåpnet torg

Få timar etter opning av det nye torget, hadde mange, både barn og vaksne, samla seg for å starta adventsfeiringa og sjå det høge, slanke juletreet bli tent.

Programmet starta med fin julemusikk av Skudeneshavn Musikkorps, først åleine, og etterpå som akkompagnement til forsangarar frå Frelsesarmeen og publikum som song Glade Jul etter beste evne!
Leiaren for Frelsesarmeen i Skudeneshavn, Leif-Erling Fagermo, hadde ein apell til dei frammøtte om å prioritera rett i julefeiringa, la barnet i krubba bli hovudperson, og feira jul til glede for alle, også dei som har det smått.
Jorda skulle vera god å bu på for alle, men me har skapt mykje rot som me menneske må ta ansvar for.

 

 

Julesongar, gang rundt det flotte juletreet, og mange glade barn og vaksne, gjorde samlinga fin og stemningsfull.
Musikkorpset, og kanskje spesielt Ståle Andreas Stendahl som spanderte heile ettermiddagen på det nye torget, gjorde sitt til at adventstemninga nå er på plass i Skudeneshavn.

 

 

Ved bokhandelen sat to blide nissar, Sanna-Sofie Nilsen og Live Sund-Reiersen, og delte ut posar med godsaker til alle barna. Ingen klager, nissane levde opp til ryktet sitt!

Sanna-Sofie Nilsen og Live Sund-Reiersen

 

Den nye plasseringa av treet var fin,  Heart hadde hengt opp raude hjarte som publikum kan ta med.

 

Tekst:  Einar Vårvik
Foto:  Arnfrid Mossige Vårvik

 

 



Lokal annonse :

Du vil kanskje lese...

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet godtar du bruken av informasjonskapsler.  Les mer