LESERINNLEGG: Tiltakslaust frå Karmøylista

Dette er et leserinnlegg. Innlegget gir utrykk for skribentens meninger og holdninger.
Du kan selv sende inn leserinnlegg til SkudenesNytt på epost her eller til inboksen på Facebooksiden.


Eg er vanlegvis ikkje overraska over at Løndalen og Karmøylista er ueinig med meg, men eg må seie eg er noko overraska over at Løndalen har latt seg provosere av mitt førre lesarinnlegg.
I innlegget mitt tek eg til ordet for å finne konkrete tiltak for å halde på dei lærarane me har i Karmøyskulen i dag.

 

Når fleirtalet i kommunestyret ikkje ynskjer å gjere strukturendringar i skulen (med unntak av ny skule på Åkra), som er eit legitimt standpunkt, så meiner eg at kommunestyre må vise til nokon andre tiltak for å motverke dei utfordringane som administrasjonen påpeiker.
At Løndalen meiner å halde fram med same skulestruktur, og få fortgang i bygging av ny Åkra og Vea skule, er godt nok til å halde på lærarane våre, er berre ein sterk forenkling av kva som skal til.

 

Klart det er viktig å gje lærarane gode arbeidsmiljø. Difor er det viktig at dei nye bygga kjem raskast mogleg.
Diverre ser me at ein del skulebygg ikkje lengre har lang levetid. Dette gjelder t.d. både Ferkingstad og Skudeneshavn.
Karmøylista vore ein sterk stemme for at ein skal gjere oppgraderingar på Ferkingstad, men ikkje meir enn det som er nødvendig her og no.

 

Eg har og høyrt, ikkje frå Karmøylista spesifikt, men frå andre stemmer i det politiske Karmøy, at vedtaket om vidare utgreiing av 1-10 skule i Skudeneshavn er eit «spel for galleriet».
Rett og slett fordi kommunen ikkje har midlar til å bygge nye skule i Skudeneshavn.
Det er kanskje litt merkeleg at Karmøylista ikkje tar kampen like sterkt for ny skule i Skudeneshavn, som dei har gjort for oppgradering av Ferkingstad.
Kanskje dei har ein agenda om å prioritere Ferkingstad føre Skudeneshavn og heile kommunen?

 

Eg ser at Løndalen angrip meg for å meine at reiseavstanden frå Skudeneshavn til Åkra er eit dårleg argument, i eit forsøk på å få det til å sjå ut som eg vil leggje ned ungdomsskulen i Skudeneshavn.
Det er eit svakt forsøk av Løndalen. Likevel, eg står for at reiseavstanden er det dårlegaste argumentet i heile debatten.

 

Me ser at det i andre stader i kommunen går veldig fint å ta buss i 15-20 min for å gå på skule.
Eller har Løndalen gløymt at elevar som bur på Kolnes må ta buss til Vormedal? Eller at elevar nord på Ferkingstad må ta buss til Skudeneshavn?
Tyder det at eg meiner elevane i Skudeneshavn bør bli sendt til Åkra? Nei. Eg berre gjer det tydeleg at det finst betre argument enn reiseavstanden.

 

Løndalen går langt i påstå at ho og Karmøylista har tatt med alle faktorar.
Eg opplev stort set Karmøylista som eit parti som påstår dei har fasiten på alt.
Eg vil ikkje påstå sjølv at eg har alle svara i verda, og difor ber eg om ein debatt om korleis ein skal styrke Karmøyskulen, når strukturen ikkje skal justerast (med unntak av nye Åkra skule).

 

Det er nettopp her eg blir mest overraska over innlegget til Løndalen. Innlegget hennar manglar konkrete tiltak for å halde på og rekruttere fleire lærarar til Karmøy.
I det beste forsvarar ho å halde fram med same skulestruktur i eit von om at det skal vere godt nok for dei lærarane me har i dag, og for auka rekruttering. Eg vonar i så fall det same. Men eg saknar andre konkrete tiltak.

 

Det blir rett og slett for tiltakslaust av Karmøylista. Det er fint at Løndalen viser til den nasjonale strategien for auka rekruttering av lærarar, men ho seier ikkje noko om korleis dette kan gjere seg gjeldande i Karmøy.

 

Kan Karmøylista gje oss fasiten på kva som gjer at nokre lærarar heller vel å jobbe i Haugesund eller i Tysvær?
Eg har ikkje fasiten, men eg har nokre tankar om kva som kan vere lurt at me utforskar i Karmøy. Først og fremst meiner eg at me må ha ein gjennomgang om korleis kommunen følgjer opp avvik som blir meldt inn frå lærarar i skulen. Eg trur at mange lærar opplev lite støtte på dette punktet.

 

Ein av dei viktigaste faktorane for at lærarar skal trivast, er å ha ei leiing som støttar opp lærarane i ein utfordrande kvardag.
Nokre andre tiltak kan vere å gje ein auka startløn for nytilsette. Eller kanskje auka løna for å vere kontaktlærar?
I dag får gruppeleiarane i Karmøy betre betalt per månad enn ein kontaktlærar.
Det er nok jobb å vere gruppeleiar i denne kommunen, men eg kan garantere at det er meir arbeid å vere kontaktlærar i skulen.

 

Dette påpeika eg til Løndalen og kommunestyre då ein i fjor stemte over auka godtgjering for politikarane.
Me veit korleis det gjekk. Politikarane fekk auka godtgjering, utan at nokon ville stå på talarstolen og argumentere for kvifor det var så viktig i ein økonomisk trong situasjon.

 

Eller kva med at kommunen ser på korleis me lærarar brukar fellestida vår?
Eg trur mange lærarar opplev at mykje tid går bort til unødvendige ting, møter og byråkrati.
Kan Karmøy kommune gjere noko med dette, slik at lærarane får meir tid til det ein faktisk likar med jobben?

 

Dette er nokon av mine tankar, og me i Raudt kjem til å ta dette vidare i politiske organ.
Dette gjer vi for at lærarane fortener nokon som kjempar for deira kvardag også.
At lærarane har det godt, er viktig for at elevane skal oppleve ein best mogleg kvardag. Eleven sitt beste er å ha ein nøgd lærar!

 

Eg vonar Løndalen og Karmøylista vil vere med på dette, og ikkje nøyer seg med «elevens godt nok».

 

Skrevet av Mateo Norheim, Kommunestyrerepresentant for Rødt

 

 



Lokal annonse :

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet godtar du bruken av informasjonskapsler.  Les mer