Til tross for at me fekk eit typisk Karmøy-vêr under gårsdagens Matoma-konsert på kaien, møtte folk opp med godt humør og klare for det som blei ein fabelaktig konsert.
Setlista bestod av songar frå ulike sjangrar som sørgde for å få alle med, uansett alder.
Songar som «YMCA» av Village People og «Adventure of a Lifetime» av Coldplay fekk heile publikum til å synge og danse.
Skudefestivalen er noko som har samla generasjonar i den vesle byen vår i heile 32 år, noko han skal gjere i år òg.
Fire dagar fylte med båtar, konsertar, aktivitetar og mykje meir.
Gled dykk til det som kjem dei neste dagane, så får me krysse fingrane for at vêret blir litt betre enn det har vore til no.
Fire dagar fylte med båtar, konsertar, aktivitetar og mykje meir.
Gled dykk til det som kjem dei neste dagane, så får me krysse fingrane for at vêret blir litt betre enn det har vore til no.






