Minneord for Svein Erik Dahl
Ein kjær, dyktig og triveleg kollega av oss som arbeidde på Skudenes Ungdomsskule tidlegare, er død 83 år gamal, den 26 oktober 2025.
I dag 31. oktober var det mange som var samla til bisetting av Svein Erik Dahl i Falnes kyrkje.
Prest var prosten i Karmøy, Ove Sjursen, og organist var Lars Inge Tjøstheim.
I dødsannonsa stod det m.a. « Men nå blir de stående disse tre: tro, håp og kjærlighet. Men størst av dem er kjærligheten.»
I talen nemnte presten at kjærleiken er og ein sentral del av kristenlivet.
Kjærleiken skal og vise seg i handling. Omsorg og omtanke for våre medmenneske.
Etter talen song me sangen «Kjærlighet fra Gud springer like ut som en kilde klar og ren—.»
Marianne Haagensen heldt ein veldig fin minnetale om faren.
Dei tre sønnene hennar stod ved henne under talen.
I heimen til Svein Erik og Marit var det mykje glede, men og stor sorg då sonen Per Ivar døydde av sjukdom i ung alder.
I heimen var det moro og hygge. Song og musikk var og ein viktig del i alle år.
Svein Erik hadde ofte ei god historie på lur. Erling Dahl jr. hadde og ein fin minnetale over broren.
Det same hadde broren, Per, som bur i Stavanger.
Dei fortalte at Svein Erik i ung alder spelte instrument og var med i ei musikkgruppe som underheldt andre.
Han spelte seinare fleire instrument og songen var veldig viktig.
Sigdis Melhus hadde helsing frå Skudenes Blandakor.
I det koret var Svein Erik med i over 50 år, heilt til det siste.
Han var æresmedlem der. Han dirigerte koret ein lang periode.
Blandakoret var med i kyrkja i dag og hadde to fine songinnslag.
I 1966 kom Marit og Svein Erik til Skudeneshavn.
Marit var utdanna sjukepleiar og Svein Erik tok til som lærar ved Skudenes Ungdomsskule.
Han var ein av hovudlærarane i musikk, men hadde og m.a. matematikk, geografi og samfunnsfag.
Han fekk og av og til, tildelt oppgåver som krevde ekstra sosial kompetanse.
Ein periode var han og rådgjevar ved skulen. Svein Erik var ein dyktig og høgt respektert lærar ved skulen.
Me sakna han då han i 1978 begynte som rektor for FRIUNDERVISNINGA i Haugesund.
Etter det var har personalleiar på Stålindustrien i Skudeneshavn.
I 1990 kom han så attende til Skudenes Ungdomsskule og arbeidde der til han vart pensjonist.
Svein Erik var med i Falnes Menighetsråd frå 1994 til 1997.
Me møtte dei ofte i kyrkja og på Fredtun.
Han var og aktivt med i Lionsklubben i Skudeneshavn og Losje i Haugesund.
Våre tankar går nå til Marit og familien, som er i sorg.
Me er mange som vil ta vare på gode minner etter Svein Erik Dahl.
Skrevet av Magne D. Apeland




