Minneord om Tor Arne Solnørdal
Fredag 21. februar 2025 var det gravferd for Tor Arne Solnørdal i full «Falnes kirke».
Sveinar Medhaug var prest og Lars Inge Tjøstheim var organist.
Tor Arne vaks opp i Langevåg ved Ålesund. Mor hans var frå Syre ved Skudeneshavn.
Bror hans bar fram minneord i kyrkja og fortalte at dei om sommaren ofte hadde ein lengre tur til Syre.
Han var født i 1942. Etter folkeskulen og vidaregåande skule tok han lærarskule i Volda. I fleire år var han lærar på Syre- Høines skule( eller nå Sørhåland barneskule.)
På 1970 talet var han rektor på Skudeneshavn barneskule.
Då Magne Misje slutta som rektor på Skudenes Ungdomsskule 1. januar 1977 for å ta arbeid på Haugesundskontoret i NRK fekk eg den oppgåva.
Tor Arne Solnørdal var då undervisningsinspektør ved Skudenes Ungdomsskule frå 1978 til 1983.
Ein periode då var han leiar av Hovudutvalet for skule- og kultur i Karmøy.
Etter det vart han tilsett på Karmøy skule- og kulturkontor. Han var skulesjef i mange år til han vart pensjonist.
Då hadde han med seg m.a. Kjell Flotve (for skule ) og Helge Rolf Naley ( kultur).
Mitt inntrykk er at dei tre i toppleiinga i Karmøy kommune var dyktige og gode å samarbeida med.
Tor Arne Solnørdal var ein høgt respektert skulemann. Han var og ein ivrig friluftmann. Han likte å gå turar ute i skog og mark, sjølv om han hadde vond rygg.
Han gifta seg med Brit Syre frå Skudeneshavn. Dei fekk borna Per Arnvid og Lise.
Der er og mange etterkomarar, som sat framme i kyrkja under gravferda i dag.
Trist at Brit døydde frå familien tidleg.
Fint at familien hadde valgt at det i staden for blomar i gravferda, skulle gå til ei gåve til FREDTUN i Skudeneshavn. Det var likevel mange kransar i kyrkja.
Tor Arne vil bli sakna, men me får ta vare på gode minner.
Skrevet av Magne D. Apeland