MINNEORD: Solveig Helene Anglevik

MINNEORD: Solveig Helene Anglevik.
Solveig Helene Anglevik døydde på sjukehuset i Haugesund 7. oktober 2024.
Ho var i full aktivitet inntil 2 dagar før det vart slutten på eit veldig aktivt liv.
Dei siste månadane hadde ho store helseproblem. Ho var født på Syre i 1940 og vokste opp der. Faren var sjømann og døydde då han var 45 år gamal.

Mor til Solveig var enke i mange år. Den første tida etter ho og Toralf Anglevik gifta seg budde dei på Syre.
Toralf var sjømann i utenriksfart og Solveig måtte dei første åra ta hovudansvaret for heim og born.
Så bygde dei seg hus ved Gamle Syrevegen i Skudeneshavn. Då vart det betre plass og arbeidet vart lettare.
Solveig arbeidde i forretning ei stund. Ein periode spelte Idrettslaget i Skudeneshavn, Ferkingstad og Vedavågen sine fotball- kampar i Skudeneshavn.
Det var før dei fekk sine eigne idrettshus. Dei nytta garderobeanlegget på Skudenes Ungdomsskule.
I den perioden var Solveig ei av dei me kunne ringa til. Ho kom og tok reinhaldet i gangen og garderobane. Solveig greidde det og, sjølv om det kunne vera krevjande jobb, når det var vått og sorpe på fotballbanen.

Midt på 1960 talet var Toralf ein av dei som vart sendt til U.S.A. for opplæring med tanke på leiararbeid på Hydro Karmøy Fabrikkar. Både han og Solveig arbeidde mange år på Hydro.
Dei siste om lag 20 åra budde dei i sentrum i Skudeneshavn i Sameie Selvågtunet. Kona mi, Gjertrud, og eg har vore nabo med henne her i 12 år.

Solveig var ei dyktig allsidig kvinne. Ho tok og ansvar i Sameie her, spesielt dei første åra.
Ho var ei aktiv dame som deltok på mykje og kjente mange. Me møtte henne og mannen i kyrkja, på kulturkveldane på Fredtun og i Pensjonistforeninga. Ho var fortsatt og med i Seniornett Skudenes, dataklubben for seniorar.

Solveig og Toralf fekk ein stor kjekk familie.  To jenter og to gutar, mange flinke barneborn og oldeborn.
Dessverre døydde eine sonen våren 2021. Mannen, Toralf, døydde same året om hausten.

Det var veldig trist for heile familien, og ikkje minst for Solveig. Ho var ei kvinne med mange interesser.
Ho hadde sterke meiningar om mykje, men latteren var ikkje langt unna. Ho var veldig interessert i musikk.
Favoritt-musikk og sang var m.a. Jim Reeves og Country musikk. Solveig og Toralf var og veldig opptekne av å reise rundt i verden.
Dei var m.a. i Spania, Brasil og U.S.A. Ein gong reiste ho åleine til slekt i Seattle.

Fredag 18. oktober var Falnes kyrkje full av folk som deltok i gravferda til Solveig Anglevik.
Presten hadde minnetale, dottera, Torhild, og to barneborn bar og fram veldig mykje interessant og fint om Solveig. Me vil ta vare på gode minner etter henne!

 

Skrevet av Magne D. Apeland

 

 



Lokal annonse :

Du vil kanskje lese...