Også i år var fotballkvelden på SILK en stor suksess

Tradisjonen tro var det også i duket for en kveld i fotballens navn under årets SILK-festival.
Like mange som tidligere hadde funnet vegen til Skudenes Mekaniske Verksted.
John Kaare Hoversholm var konferansier og ønsket i overkant av 150 kulturhungrige unge menn (og noen få kvinner) velkommen.
Etter at sikkerhetsinstruksene om rømningsveier var unnagjort ble SILK-poet Arne Torget invitert frem for å lese et av sine mange dikt.
Det ble to dikt om da Torget møtte fotballstjerna Lionel Messi på flyet til Haugesund, og de forviklingen som utspant seg da det viste seg at det ikke var den argentinske superstjernen.
Poeten har en egen evne til å dikte og rime på sin særegne måte, som gjør at publikum enkelt ser for seg hele historien.

 

John Kaare Hoversholm – FOTO: SkudenesNytt

De neste på programmet var Finn Willy Fosen, Marthon Høvring og programleder Davy Watne. De var invitert for å snakke om de førstnevnte`s bok om Kopervik Idrettslag 100 år.
Forfatterne fortalte om hvordan KIL i starten drev med friidrett og at fotballen kom etterhvert. Om et idrettslag som drev med diskos, spydkast og andre friidrettsøvelser i parken i Kopervik, og at løpsøvelsene foregikk i Hovedgata (for der var det flatt og rett stripe).
I løpet av årene etter krigen ble idrettslaget bygget stein for stein. Davy leder samtalen fremover ispedd noen egne minner og historier fra Kopervik.

 

Full sal på fotball-SILK – FOTO: SkudenesNytt

 

I løpet av kvelden er en rekke personer på scenen i samtale med programleder Davy.
Fotballdommer Svein Odvar Moen var invitert for å snakke om temaet som opprører mange både på og utenfor fotballbanen. VAR.
VAR eller videodømming.

Kvelden ble avsluttet med at Arne Torget proklamerte hva hans skråblikk har tatt inn i løpet av kvelden.
Mange i publikum hadde nok ventet på akkurat dette.

 

Arne Torget på plass på SILK – FOTO: SkudenesNytt

 

Du kan lese hele Arne Torget resymé her:

SILKEFOTBALL 2024

Det er fotballkveld, det er det ingenting som slår

No har vi gledd oss som ungar i eit heilt år.

Fotballens Mekka, Skudeneshavn

Og for eit lag, for nåken navn!

 

Davy er sjefen, John Kåre er losen

Legendene Trygve Nygaard, Marthon Høvring og Finn Willy Fosen.

Inger Utvik med fotball i kvar fiber i kroppen

Ein son i Canadisk liga må no vera toppen.

 

Erling Kagge som har sett alt under vår sol

Har hatt med Arsenal i aftenbøna frå pol til pol.

For Geir Jakobsen er det fotball og litteratur som gjeld

Han stod på programmet i fjor og dukka opp i kveld.

 

Og ikkje minst Svein Oddvar Moen

Som fotballdommar vant med å beholda roen.

No er han blitt den norske sjefen til VAR

I kveld er det 100 sinte menn og damer som vil ha svar!

 

Festen blei opna med lyrikk med stil

Marthon og Finn Willy representerer 100 åringen KIL.

Spenninga hjå meg var stor

Eg reiste med KIL ferja i fjor.

 

Davy kom med ein innrømmelse nå

Han var dommar og hadde tippa Stord med sikker H.

Stord leda, ein idiot blei felt før slutt

Davy la til minutt etter minutt.

 

Det blei 11 rette, Kopervik herja

Davy kom Attpåtil for seint til ferja.

Så han har eit anstrengt forhold til Kopervik

Men er spent på historien som er så rik.

 

Finn sa du må ha ein god gjeng å bygga historien på

Må du utenfor Kopervik spurte Davy då?

Marthon sa jobben ikkje var lett

Dei hadde jo og boksing, håndball orientering og friidrett.

 

 

Finn har leita etter betydningen idrettslaget har

For befolkningen, det er entydige svar.

Det var ungdommar som starta for 100 år sio

Det var friidrett og boksing den fyssta tio.

 

I starten spelte dei på underlag som ikkje alltid var flatt

Dei spelte på slåttemarker når slåtten var tatt.

Friidretten sin aktivitet var rik

Dei heiv diskos i parken i Kopervik.

 

Davy kjem snikande inn frå sida

Fiskar etter skandalar den fyrste tida.

Berre ein gong har dei drete på leggen

Det var eit æresmedlem før krigen som mangla på veggen.

 

Motstandsbevegelsen har utan tvil

Hatt sterke røter under krigen i KIL.

Friidretten stod sterkt og holdt fotballen ute

Men frå 1928 var dei endelig i rute.

 

Davy luktar blod i dag

Er det ikkje skandalar og underslag?

Finn ville ikkje kalla det skandale

Men dei var økonomisk rævkjørte på 80 talet.

 

Då var Marthon snar

Det skuldast høge dommarhonorar.

Han hinta til ein bergensar, ein skikkelig løk

Det lukta offside over Karmøy etter hans besøk.

 

Davy seier den gongen dømte dei alltid korrekt

At det ikkje finst opptak er i alle fall kjekt.

Nokon har fått betaling i gullalderen kjeme det fram

John Rullestad fekk kjøregodtgjersle, fy for ein skam.

 

På 60 talet lærte ungdommen å stilla krav

Det var då fotballen verkeleg tok av.

Ungdommen krav sin plass på alle vis

Hadde respekt, men ikkje for ein kvar pris!

 

KIL har ein holdning som kjent

Alle skal vere med til ein lav kontingent.

Framleis er det ein sosial profil

I den stolte 100 åringen KIL.

 

Finn seier det er i bredden fokuset må vera

Så kjem det av seg sjøl når dei skal prestera.

Det kan hende gullalderen kjem igjen like bra

Då blei det comeback av John Rullestad.

 

John skulda på Oddinga og engelskmenn

Davy Wathne kjøpte ikkje den.

Han la og ut eit agn etter ei stund

I håp om å høyra drit om Haugesund.

 

Som Bryne Viking sa John

I fleire tiår har det vore sånn.

Det blei ein betent situasjon

Der John hinta om Brann og korrupsjon.

 

Davy sat med augene på stilk

Og hinta om millionlønna til Rullestad som no er i SILK.

Finn fortalte om samhold utenom kampen

Med kjekke møter med fotballfolk på dampen.

 

Men folk frå Vard såg dei aldri når dei var så mange i slengen

Dei var nåken forbanna sossa heile gjengen.

Meir avslappa er det mellom naboklubbar i dag

Der det før kunne vera regelrette slag!

 

Osvald Kallevik er avbilda på fysste sida

Han var god kulestøtar på den tida.

Davy Wathne anbefaler boka så godt han kan

Det vil aldri komme ei så idyllisk bok om Brann.

 

Davy fekk ei ny utfordring i dag

Å ha ein samtale med ein i frå Trøndelag.

Geir Jakobsen, trønder og entusiastisk

Har skreve boka drømmelaget som Davy syns var fantastisk.

 

I fjor gledde Davy seg og var gira

Så har Geir laga bok om EM 24.

Geir har studert fotballen gjennom tida

Dei beste kampane er spelt for lenge sida!

 

Davy har vore mykje i London i si tid

Sjøl middelmådige midtbanespelara har laga sjølbiografi.

Davy var på hogget no

Møtte Ron Atkinson i Mexico.

 

Big Ron var slettes ikkje på leit

Maradona var overvurdert, dårlig på hovet og feit.

Geir er meir opptatt av Peter Shilton

Som i 40 år stod mellom stengene og klødde seg på pilten.

 

Shilton blei forbanna på Maradona si hand

Som rodde den forbanna jukseskoringa i land.

Fenwick prøvde å takle stjerna frå Argentina

Maradona dribla idioten herfrå til Kina.

 

Maradona fortsatte sitt eleganteri

Men no kom han ikkje Peter Shilton forbi.

Det er slik fotball kan beskrivast med energi

Øyeblikk som står som evig poesi.

 

Tyskland har vore ein god arrangør

Det finst og mange dårlige og om du spør.

Det er kostbart å driva fotball utan tvil

Eg reknar med Davy tenker på Rullestad og KIL.

 

Geir er opptatt av fotballen si sosiale rolle som er fin

Reiste med Georgiske supporterar frå Hamburg til Berlin.

2006 skulle vore Tyskland sitt nye sommareventyr

I staden ser vi eit fotballEuropa omtrent i fyr.

 

Davy var inne på hans foreldre sin situasjon

Som var prega av år med Tysk okkupasjon.

Vi ser at noko av dette har kome tilbake for å bli

Det er rusk i Tysklands velsmurte maskineri.

 

Geir har teke historien fatt

Og peikar på oppgjeret som aldri er tatt.

Dei har ikkje teke tak i fortidas tapte slag

Det pregar nye generasjonar i dag.

 

Davy ser på Geir sin vinkling som fin

Der han vakkert skildrar mangfoldet i Berlin.

Det minner Geir om Bergen der han landa i dag

Som ein eigen nasjon av stoltaste slag!

 

Geir sine observasjonar er heilt topp

Han peikte på Berlinvennane David Bowie og Iggy Pop.

Berlinerkneipe, som ein engelsk pub av beste merke

Der banda til engelsk fotball er sterke.

 

Han skildrar engelske supporterar som lett

Reiser til mesterskap utan billett.

Svartebørsen er dyr som fy

Men puben er som heime i ein engelsk by.

 

Hooligans er eit kjent begrep

Fotballens eige knask eller knep.

Tyrkiske supporterar er ein spesiell sort heil ved

Som du absolutt ikkje bør fyra med.

 

Ukraina har fått mykje sympati frå andre land

Supporterar går gjerne hand i hand.

Men danskane feira utan stans

Med sine sympatiske supporterar Roligans.

 

Men det som aller mest imponerte

Det var Rosenborg og Brann som sat og diskuterte.

Jakobsen må ha satt Bergensaren i ein slags rus

Davy Wathne minna mest om ein fløtepus.

 

Aldri har eg sett herr Wathne lena seg så tilbake

Har sluggeren frå Sandviken mista taket?

Eller er det faktisk så grunnleggande lett

At Geir Jakobsen har skrive dei beste fotballbøkene han har sett!

 

På slutten kom det for ein dag

At Geir var skuffa av eit tamt Engelsk lag.

Det må renskast i EM som arrangement

Heile turneringa blir for lang.

 

Klubb VM er og meiningslaust

Funne opp av sure gubbar i livets haust.

Geir har tru på fotballens veg opp av gropa

Og betydning for brorskap og fred i Europa.

 

Så til kveldens radarpar

Davy Wathne og Svein Oddvar Moen om VAR.

Wathne minna om at idioten i tillegg til det

Dømte Brann då Mjøndalen sende dei til helvete ned.

 

VAR er rettferdig er Svein Oddvar sitt ord

Feilmarginane utan videodømming er stor.

Davy syns dømming uten video var lett

Det var jo dommaren som var kuken uansett.

 

Davy hadde verkeleg taket no

Og sa Svein Oddvar og var dommar, men ikkje så god.

Svein Oddvar kontra med ein replikk som slo

Han sprang som dommar, Davy stod i ro.

 

Davy brukte eit antall ord ut over det normale

Om kor prikkfritt dei dømte på 70 talet.

Klarere kan ikkje talen bli

For herr Wathne er VAR komplett idioti.

 

Hands er vanskelig, seier Svein Oddvar då

Det må vere vilje til stede peikar Davy på.

VAR Norge er moderne, det mest sofistikerte i Europa

Meir nøyaktig enn ein bergensar som står i skogen og ropa.

 

Svein Oddvar seier fotball er blitt høyteknologi

Mens Davy spelar snake på ein Nokia 3110.

Svein Oddvar meiner VAR sine feil er marginale

Kontra han som hadde sikker H og dømming som spesiale.

 

Davy byrjar å vasa om hands på Belgia nå

Kanskje han heller skulle ringt Poirot.

Er VAR verkeleg Norsk Fotball verdig

Eller vil me tilbake til å ikkje spela før slåtten er ferdig.

 

Dei har absolutt ikkje same synet

Svein Oddvar får stadig slengt Mjøndalen i trynet.

Det blir harde tak i tiende potens

Når ein Bergensar og ein Haugesundar diskuterer konsekvens.

 

Ein kan vera motstandar av ny teknologi

Men det er berre å innsjå, det er kome for å bli.

Og det kan iallfall slåast fast med ein gong

VAR har ikkje fylt ut ein einaste tippekupong!

 

Davy syns det er rørende at Svein Oddvar forsvarer VAR

Tross dei åpenbare svakhetane det har.

Davy trenge nåken oppturar nå

Så Inger har teke Brannskjørtet på.

 

Inger er iallfall klar

Det er ingen veg utanom var.

Det same er sønnen i Candisk Elite

Fotball uten var er berre drite’

 

Erling Kagge har arva Arsenal etter sin far

Og i Arsenalperspektiv er han i mot VAR.

I England er dommarane lønna av staten

Så du kan ikkje ta frå idiotane maten.

 

Trygve har skora hatrick for Viking mot Brann

Eg såg på Davy, det kokte i han.

Trygve har ikkje spelt med VAR, men det skal han ha

Han syns iallfall at rettferdighet er bra.

 

John Kåre spurte Davy om 1966 og VM finalen

Eg forstod ikkje heilt spørsmålet nede i salen.

For svaret Davy bar til torg

Var situasjonar med, Tyskland, professorar og Rosenborg.

 

Dommarfeil er ein del av livet

Det er det absolutt positive.

Orda Kom tett og var følelseslada

Om rettferdighet og om då van Dyke blei skada.

 

Responsen frå salen var klar

Ein langfinger midt i trynet på VAR.

Svein Oddvar sa han var enig i Davy sitt resonnement

Men du såg at nasa vaks og blei kjempelang.

 

Erling fekk eit spørsmål på ståande fot

Mister vi ikkje gleden av å kalla dommaren ein idiot?

Framtida ligg i ny teknologi

Så får Davy sitta der med Nokia 3110.

 

Inger vart spørt om eit svar

Er det berre eliteserien som skal ha var?

Damene er flinkare med reglar og slikt

Så der kjem ikkje VAR på kort sikt.

 

Så kom sluggeren i sving

Og innrømmer at var har positive ting.

Han prøver å sverte Kagge så godt han kan

Og han idioten Svein Oddvar som dømte straffe mot Brann.

 

Men Erling Kagge såg lyst på live’

Og syns Davy var meir og meir positive’.

Svein Oddvar rota seg inn i ei tankerekke

Og før han var ferdig var poenget vekke.

 

Erling meiner det er ei utvikling på var som er god

Vi vil for all del ikkje ha tilbakesteg no.

Inger var klar i sitt blide fjes

Det vil ikkje komma VAR på Avaldsnes.

 

Erling avslutta med å glede den spente sal

Om den fantastiske sesongen til Arsenal.

Og at som ein naturlig teknologisk konsekvens

Får Avaldsnes VAR før dei får kunstig intelligens.

 

Trygve fekk spørsmål om hattricket sitt og skein som ei sol

Før Davy samnenligna det med Kjartan Salvesen sin seier i Idol.

Men det største han har opplevd til no

Var å slå Chelsea i Stavanger 4-2

 

Svein Oddvar Fekk endra spørsmålet sitt no

Om ei oppleving på Azteka i 2011 i Mexico.

Tenk for ei oppleving for ein jordnær kar

Tenk å hatt eit skilt på han der: eg heiter Svein og likar var.

 

Siste orda til ein tjuagutt

Som minna om sin ufeilbarlig karriere til slutt

Davy konkluderte faktisk med det

Eg elskar lokalfotball, sjøl om eg er passe’

 

Fotball engasjerer som aldri før

Skudeneshavn dirra av prestisje og humør.

Det beste fotball arrangementet I Norge

Direkte frå Skudeneshavn, Arne Torget

 

 



Lokal annonse :

Du vil kanskje lese...

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet godtar du bruken av informasjonskapsler.  Les mer