Lørdagen i Skudefestivalen samla ein flokk nysgjerrige seg på det nye kaiområdet som tidlegare var ein del av ferjekaien.
Sjefen for Karmøy Havn, Torfinn Gaupås, sette markeringa inn i ein historisk samanheng, frå seglskutetida, der flåten som gjekk på utlandet talde over 70 skuter!
Den ombygde kaien blei bygd i 1957 for ferje, losbåtar, laste- og fiskebåtar, og frå nå av skal mindre cruiseskip leggja til langs kaikanten.
Gaupås meinte at alt nå ligg til rette for at dei som besøkjer kaien vil kjenna seg velkomne.
Grøntområdet, benkene, Njål Lunde sitt kunstverk og naturen rundt vil visa Skudeneshavn frå si beste side!
Vassbakk & Stol har utført arbeidet for Karmøy Kommune, men også for Kystverket, Karmøy Havnevesen, Skudeneshavn Næringsforening, Destinasjon Haugalandet og for heile lokalsamfunnet.
Sasha Lazarev frå Domesk i Bucha, Ukraina, er 16 år, bur på Vea og var komen for å spela to klaverstykke i regnveret.
Først Prelude 1 av Gershwin og ei fin sonate av Beethoven.
Vigleik Dueland frå Destinasjon Haugalandet såg fram til å kunna gi «Explorerskip» eit godt alternativ.
Dette er mindre skip med 2-300 passasjerar som har litt meir tid til å oppleva nærområdet på ein annan måte enn bussturistane som har tidsfristar på å nå tilbake til store cruiseskip i Haugesund. Dei vil ha meir lokale opplevingar.
Ein må etter kvart finna naturlege måtar å ta imot denne forma for turisme på.
Då ordførar Leif Arne Marhaug fekk ordet, var «alle gode poeng tatt».
Han var nok likevel den mest optimistiske av talarane, for han rekna med at cruisebåtane ville bli tømde for passasjerar som ville til lands, bortsett «frå eit par av mannskapet».
Han var diplomatisk og rekna med at mange av båtturistane også ville ta turen nordover til andre delar av Karmøy!
Den høgtidelege snorklippinga gjekk fint, og alle dei frammøtte fekk seg ein kaffikopp og smaka to flotte kaker.
Utflytta skudenesbu, Turid Sundfør Gjesdal , arbeider for Guidekompaniet i Stavanger.
Ho ser føre seg at det nye tilbodet vil føra til at fleire med røter i Skudeneshavnområdet vil koma hit for å leita etter spor av forfedre og -mødre, finna gravsteinar, snakka med etterkomarar og orientera seg på gamle tomter.