Det var strålande sol og sommar då Pål Midbøe ønska velkomen til høgtideleg opning av Skudefestivalen 2025.
Sjeldan har så mykje folk vore samla under paviljongen i Skudeneshavn som denne ettermiddagen!
Folk måtte venta på talaren, helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre, som kom frå Kyiv i Ukraina, direkte til Karmøy. Luftromet over Ukraina er stengt, og ei togreis frå Ukraina til Polen er tidkrevande.
Vestre hadde nok Ukraina i tankane då han fekk ordet og ba kystfolket i Norge sjå stort på det å kunna samlast til ein festival, der ein kan feira fridom og felleskap, snakka med gamle kjende, oppleva kystkultur og -historie, og sjå at dette er godt for folkehelsa, i vid forstand!
Å vera einsam er like «uheldig for helsa som røyking», og å treffa andre er reine medisinen! Han oppfordra elles til meir fysisk aktivitet og mindre bruk av skjermar og mobilar.
Denne gongen måtte han nøya seg med å bruka Helsebanken til oppbevaring av bagasjen (red. anm.)
Sjøl om han berre hadde budd her dei første to leveåra, kjende han seg heime på Haugalandet, som på mange måtar er eit godt alternativ til storbyane!
Han takka også festivalen for å ha allsidige tilbod til alle aldersgrupper.
Per Bjelland gav ministeren eit karikaturportrett på vegne av festivalen. Eit populært innslag!
Første innslag på arrangementet var at banksjef i Skudenes & Aakra Sparebank, May Bente Olsen, delte ut Karmøyfiskaren til ildsjelene bak Karmøygeddon Metal Festival. Dei fekk diplom, pengar og skulpturen «Mann i båt» for å ha skapt og utvida denne festivalen i Kopervik til dagens nivå med eit omfattande program over 3 dagar med stor innsats frå frivillige.
Leiar for festivalstyret, Olav Torkelsen, ba elles Bjørnar Støylen pakka opp ei gåve frå Skudefestivalen til bruk både under festivalen og gjennom året fram til neste gong. Dette var meint som ei oppmuntring til ein som gjennom lengre tid har gjort eit viktig arbeid med å samla boss av ulikt slag i Skudeneshavnområdet.
Frå nå av kan han trilla bosset med seg i ei praktisk tralle med gode handtak og samla det med ny gripetang.
Samlinga rundt paviljongen blei avslutta med populære Tobias Sten frå Stord, den nye country & westernkometen på vesthimmelen!
Etter opninga fordelte fleire tusen gjester seg rundt i Skudeneshavn på ulike arrangement, i matkøar eller berre driva rundt i sentrum på jakt etter kjende!
God festival!