Søndag 14.06.26 hadde Rune Richardsen si siste ordinære gudsteneste i Falnes Kyrkje.
Tre barn blei døypte, tekstane handla om det å bli invitert til fest i Guds rike, og soknepresten fekk lagt heile si sjel i dette å formidla ein invitasjon som skal nå alle!
Forsamlinga på over 170 personar bestod av festpynta dåpsfamiliar og mange som hadde kledd seg litt ekstra fint for å takka soknepresten for gode år i teneste i Falnes og Ferkingstad sokn dei siste åra.
Han hadde først ei stilling med trusopplæring frå 2017 med hovudvekt på barn og unge, og han fekk gjennom dette eit godt grunnlag for det som venta han som sokneprest frå 2021.
Gjennom samtale med familiar rundt dåp, gravferd, vigsel og andre naturlege møtepunkt, er presten blitt godt kjend med ein stor del av dei som bur i Ferkingstad og Falnes sokn, og alle er på førenamn med Rune!
Menighetshuset var heilt fullt av folk som ville takka han, og kosa seg med kaffi og kaker etter gudstenesta på den fine sommardagen.
Komiteen presenterte eit festlokale med godsaker nok til alle!
Alt som kunne reknast som stolar og dekketøy var i bruk!
Det var helsingar frå prost Ove Sjursen og menighetsrådet i Falnes v/ leiar Randi Nornes Sæle og Einar Vårvik om gav han blomar frå menighetsrådet og eit Lord-epletre frå alle som var i kyrkja denne søndagen!
Staben på menighetskontoret hadde i kjend stil rigga seg til med kostymar og drama og framførte både nidviser og humoristiske poeng for å markera at presten nok aldri ville få det like godt på ny arbeidsplass! Dette innslaget enda naturleg nok med ein visna rosebukett!
Agnes Løsnesløkken gav ei bok takk frå Skudenes Bedehus.
Siv Tjøstheim kom med ei helsing, slik også «sju på gata» fekk koma med kommentarar i ein filmsnutt som dagleg leiar Elin Grindhaug hadde redigert.
Denne viste elles ein del av det mangfaldige og gode arbeidet som presten og staben driv «bak kulissane».
Heldigvis enda alt godt då dagleg leiar fekk med seg Solveig Bringaker, Agnete Sæle Stave og kantor Lars Inge Tjøstheim i ei velmeint og velklingande velsigning som skal følgja Rune Richardsen inn i ny stilling som sokneprest i Åkra.













