Lørdag 29.11 blei ein stor dag i sentrum av Skudeneshavn, med opning av det nye torget og tenning av julegrana.
I tidsrommet mellom programpostane kunne folk gå innom salgsbuer i teltet ved Paviljongen, slå av ein prat med vener og kjende i solskinet eller sjå på dei mange fine utstillingane i butikkane.
Nytt av året var også Skudeneshavn museum si nostalgiske utstilling på «Jali-hjørna» og Drillkorpset som prøver seg med kafé i lokala til Hafnia, med fyr i omnen og drilljenter i gata som viste veg til dei beste lappane!
Leiar for by- og samfunnsutvikling, Vigleik Winje, som i stor grad har prega prosessen med utvikling av det nye torget, var glad for den store folkemengda som hadde møtt fram, og tok det som eit signal på stor interesse og glede over at den lange og krevande anleggsperioden er over.
Han takka for positive og kritiske innspel som hadde påverka sluttresultatet til det ein ser i dag.

Butikkar og næringsliv har vore viktige samarbeidspartnarar, og kan bli viktige for å fullføra planane om både ein rosehage og ei flytebrygge.
I tillegg til ein fleksibel festplass, har torget fått benker med opningar og utsparingar for leik og sosialt samvær.
Foreldre og barn kan slappa av i eit harmonisk miljø der alle detaljar er gjennomtenkte.
Statuene er samla i ei gruppe, det er planta tre og stauder, og alt skal medverka til at torget blir ein naturleg møteplass med mennesket i sentrum!
Prosjektleiar, David Kynbråten, frå eigedomsavdelinga i Karmøy kommune, fekk blomar for god styring med arbeidet, som hadde møtt på store vanskar med både flaumvatn og restar av skadelege stoff i grunnen under det gamle torget.
Ordførar Leiv Arne Marhaug la vekt på at ein nå legg til rette for at kystbyen Skudeneshavn skal ta vare på eit varmt og inkluderande preg som ei vidareføring av fredninga i 2018.
Her skal både fastbuande og gjester kunna bruka torget som samlingsplass for alle aldersgrupper.
Prosjektet har blitt svært dyrt, og pengane tok slutt før rosehagen og flytebrygga er på plass.
Dette kan likevel bli realisert, fordi lokalt initiativ ønskjer å fullføra prosjektet.
Ordføraren takka både planleggarar, entreprenørar og arbeidsfolk for vel utført arbeid, og gratulerte Skudeneshavn med det finaste torget i kommunen!
Snorklippinga gjekk etter oppskrifta og blei signert med «Elektrisk» av eit svingande Skudenes Skolekorps! Mange kommenterte at nå er korpset på full fart oppover!

Kristin Håkonsen avslutta programmet med å lesa diktet «Torget» av Arne Torget.
Diktet kan lesast av alle på veggen av «Drosjehyttå», som er freda, og står trygt midt på torget!
Publikum hadde det ikkje travelt, men såg ut til å trivast godt i det fine veret, stod samla i grupper rundt omkring i triveleg småprat etter at programmet var slutt, akkurat slik det var tenkt!
Sjå bildeserie under:
















