Britt-Synnøve og Randi gav publikum ein musikkoppleving for livet

Sang- og musikkbrørne Svein Erik og Erling Dahl jr. stod i døra og ønskte alle velkomne til konsert i Falneskyrkja fredag kveld under årets Skudefestival.
Det kunne dei trygt gjera, for den musikkgleda som venta  oss alle, er sjeldan kost!

Britt-Synnøve Johansen, Randi Tytingvåg og 6-mannsorkesteret deira brukte heile registeret frå søndagsskulen til New Orleans for å få fram glede, alvor og humor, der dei hadde rigga seg til mellom døypefont, talarstol og altarring.
Både tradjazz, «This little light of mine», «Peace in the valley», Dolly Parton på Haugalandsdialekt, «Swing low, sweet chariot» og «You are my sunshine» gjorde oss alle takknemlege for livet og alt me har fått oppleva!

Mennene i orkesteret hadde kvite skjorter og jentene hadde friske sommarkjolar og kvar si rose i håret.
Pynten måtte vera godt festa for å tåla rytmisk jazz-prega musikk både framme i kyrkja og på vandring i midtgangen under «O, when the saints..»!
Britt-Synnøve måtte tåla konsekvensen av å ha litt glatt hår!

  • FOTO: SkudenesNytt

 

Publikum fekk stemningsskapande kommentarar frå flinke solistar, friske riff frå musikarane og lydproduksjon som tålte både full trøkk frå heile mannskapet og nærmast kviskring frå to sylskarpe, velklingande diskantstemmer.
Musikarane fekk vist seg fram, både samla og i korte soloinnslag.
Allan Vigre spelte banjo, Oscar Harboe kontrabass, Johannes Ulveraker trommer og percusjon, Dominique Brackeva trombone, Per Lund trompet og Vidar Kenneth Johansen saxofon og klarinett.
Dei mjuke huntonitplatene i veggene i kyrkja frå 1851 blei skifta ut på dugnad i 1995 med hard kryssfiner for å betra akustikken.
Dette visste teknikar Dag Olaf Aastebøl å utnytta fullt ut! Stanley Skeie sørgde for fin lyssetting.

Då kveldssola mot slutten av konserten kasta lys inn gjennom farga, småruta, høge kyrkjeglas, og både solistar og musikarar fekk tolka «O, bli hos meg» på sin måte, fekk alle kjenna at ei gamal salme av Lyte og Monk frå 1847 fungerer i vår tid.

Publikum gav seg ikkje før ekstranummeret «What a wonderful world» tona ut i ein fin sommarkveld.
Mange takk til Britt-Synnøve, Randi og orkesteret for musikkoppleving for livet!

 

 



Lokal annonse :

Du vil kanskje lese...