Ei levande etterkrigshistorie frå Odda

I anledning SILK-festivalen i helga var det laurdag ettermiddag bokmøte kor forfatter  Marit Eikemo blei intervjua av Jan H. Landro.
Forfatteren tek dei frammøtte med på ei levande etterkrigshistorie frå Odda.

Arrangementet var i regi av Karmøy Folkebibliotek, Karmøy Dialekt- og Mållag, Skudeneshavn kulturhus og SILK.

Over 70 møtte fram i Skudeneshavn Kulturhus for å få med seg ei levande etterkrigshistorie frå Marit Eikemo sin oppvekst i Berjaflotvegen 9 i Odda.
Eit stort hus som blei bygd slik ein skulle byggja etter krigen, med plass til mange personar under same tak!

Familiefaren døydde etter ei arbeidsulukke i Odda, og 14 år gamle Per blei ansvarleg for 4 brør og mora som ikkje fekk anna stønad enn frå «Misjonen»!

I dag bur ingen lengre i huset, som står igjen som eit minnesmerke over ei tid då fleire generasjonar budde i lag, både familiar og ugifte slektningar.
Dei 5 brørne og andre i huset var praktiske og heldt alle funksjonane i huset ved like utan å leiga inn fagfolk.

Marit Eikemo fortalde at ho hadde måtta utelata 150 sider med røvarhistorier, som kunne bli i meste laget for lesarane!
Ho har likevel fått med litt av kvart frå livet til brørne. Dei lika ikkje måten idrettslaget blei drive på og starta dermed sitt eige!
Dei var veldig spreke, og ein gong sprang alle 5 maraton på under 3 timar. Guinness rekordbok ville ikkje ta inn rekorden fordi det mest sannsynleg aldri ville koma 5 brør som kunne ta opp kampen mot brørne frå Odda!

 

Jan H. Landro, Marit Eikemo og Hanne Mulelid – FOTO: SkudenesNytt

 

Elles felte dei tømmer i veglause Eikemo i Åkrafjorden og drog dette over fjorden. Dei bygde eiga klubbhytte for idrettslaget sitt av tømmeret!
På Hardangervidda var det sikkert greit å byggja småhytter i stein og jord for enkel overnatting,- eller var det kanskje ikkje det….?

Me fekk høyra om bil- og båtproduksjon som møtte uventa motstand frå autoritetane!

Jan H. Landro fekk fram gjennom samtalen med forfattaren at denne boka kom i siste liten, sidan folk ikkje lenger lever på denne måten, og faren nå har flytta på omsorgssenter.
Ho fekk sagt på ein fin måte at stor mangel på klemmar og fysisk kontakt mellom vaksne og barn ikkje måtte tolkast som mangel på omsorg. Omsorg i etterkrigsåra viste seg som flid med reparasjonar, vedlikehald, bytearbeid, praktisk kunnskap og innsikt!

 

Me som vaks opp på -50 og -60-talet forstod godt forfattaren som korta dette ned til ein sørgjesong over alt som går tapt!
Tilhøyrarane kjende nok på eit vemod over at tida for brørne sin generasjon snart er over, men kjende seg også takknemlege for at Marit Eikemo har klemt denne verdifulle historia inn mellom to permar!

Fyr opp i omnen, legg beina høgt og bli med på galskap og alvor med «Vi er brødrene Eikemo»!

 

Full sal på kulturhuset – FOTO: SkudenesNytt

Skrevet av Einar Vårvik

 

 



Lokal annonse :

Du vil kanskje lese...