MINNEORD: Kåre Haga, på Haga

En mann som mange på Sør- Karmøy kjente døydde 24. mai 2019 heime på Haga. I gravferda frå Ferkingstad kyrkje møtte så mange fram at det vart ikkje plass til alle i kyrkja. Det var fullt nede og på galleriet. I våpenhuset stod mange tett, slik at der var det og fullt. Lars Tore Anda var prest og Lars Inge Tjøstheim var organist i gravferda. Bror-sonen til Kåre Haga, Lars Haga, song solo.

Eg har hatt samtale med enka etter Kåre Haga , Margunn, om dette minneordet i dag. I minneorda som vart framførte i gravferda er  det fletta ein fin minnekrans om livet til Kåre Haga. Det meste av dette minneordet vil difor vera det same.

Kåre Haga vart født den 18. februar 1926. Han var yngst i ein søskenflokk på tre, og foreldre var Kristina og Lars P. Haga den eldre. Foreldra dreiv gard og sildesalteri. Kåre måtte saman med brørne Per og Finnleiv ta del i arbeidet på garden og i salteriet. Etter endt skulegang på Sandve gjekk Kåre på Tryggheim ungdomsskule på Nærbø, Fjellhaug bibelskule i Oslo og Drottningborg handelskule i Grimstad. I Oslo tok han eit kurs i sveising og fekk seg arbeid på Håkonsen Mekaniske verkstad i Skudeneshavn.

I 1951 gifta han seg med Karen Aslaug Amdal frå Øvrebø på Torvastad. Kåre og Karen busette seg på Torvastad og Kåre arbeidde ei tid på Bøneset sildoljefabrikk. Kåre og Karen flytta til Haga nordom Sandve i 1952 og der vaks borna Leiv, Åshild, Kari, Torunn, Anne Kristine og Olaug Ingjerd opp. Det var ein open heim med tryggleik og samhald som gav ein god oppvekst. Garden som farbror Albert hadde,  pakta Kåre og Karen til dei overtok den i 1961. Saman med broren, Per kjøpte Kåre  fiskeskøyta “Unni”. Mange fekk smaka dei gode fiskekakene Kåre hadde laga. Kåre likte seg på sjøen og med fiske. Han hadde og stor interesse for birøkt.

Han var ei tid leiar av Noregs birøktarlag og styremedlem i Honningsentralen. Han delte “rundhåndet” ut, når han i fleire tiår køyrde rundt i Sandve-krinsen til dei over 70 år, med eit glas honning til jul. Mange har hatt glede av Kåre sitt gav-milde vesen.

Kåre opplevde at livet av og til byr på motstand. Han mista kona, Karen, i 1989 etter 37 års ekteskap. Det var eit hardt slag for han og familien. Ved hjelp av sterke og nære familieband, god livsglede og optimisme kom han seg vidare i livet. Han var ofte på farten, oppsøkte folk han trivdes saman med, og som kanskje hadde behov for ein ven eller  ei  hjelpande hand.

Kjærleiken skulle igjen møte Kåre då han traff Margunn født Dalen, frå Bjoa. Dei gifta seg i 1994. Margunn vart snart ein viktig del av Kåre sitt liv, men og for hans familie. Born, svigerborn, barneborn og oldeborn. Det er sterke fortellingar om eit godt samhold der ein har omsorg og omtanke for kvarandre. Graut på lørdagane førte ofte til fullt hus på Haga.

Margunn delte Kåres interesse for å reise. Turar har gått til Amerika for å besøkja slekt. Dei reiste og til Canada, Island, Færøyane, Svalbard og Madagaskar. På bilturar i Norge var dei ofte innom andre  birøkterar. Det var og sykkeltur på Rallarvegen og ikkje minst rundt på Karmøy.

Det er sagt at Kåres song-katedral var den reingjorte potetkjellaren (Jordkjellar) oppom huset. Der var akustikken spesielt god. Innslag frå den plassen er m.a. sendt i  “Norge Rundt”. Han leia og ein gong deler av “Sangtimen” søndag morgon. Gleda over songen delte Kåre raust til andre. Kvar onsdag besøkte han sjukeheimen i Skudeneshavn med mykje song og gode samtalar.

Kåre sitt engasjement var stort. I  mange ulike samanhengar deltok  han med sitt. Søndagsskule, gutelag, misjonsarbeid i kyrkje og bedehus. Han tok ansvar i sokneråd, fellesråd i Karmøy  og han var og med i Karmsund prostiråd. Det var då Ditlef Monstad var prost på 1970 talet.  I mange år var han med på å arrangere mannsmøter og kulturkveldar på Fredtun og Kyrkjebakken. På Fredtunkveldane er kvinner og menn med nå, men det tok til med mannsmøter.

Først og fremst var han far, svigerfar, bestefar, oldefar  og ikkje minst ektefelle for Margunn i om lag 25 år. Den kristne trua var ein viktig del  av han. Den hadde han hatt med seg heile livet. Han vart 93 år gamal og han møtte også den siste tida med ro og forventning. Det er sorg og sakn å missa ein av dei næraste, først og fremst for familien. Me er mange som vil ta vare på gode minne etter Kåre Haga.

Håkon Tjøstheim og Magne D. Apeland



Lokal annonse :