Storslått markering da snora skulle klippast !

Etter 15 års arbeid med eit monument til minne om krigsseglarane på Haugalandet, kom dagen då snora skulle klippast!
Lørdag under Skudefestivalen var det ein storslått markering i Vigane.
Initiativtakar Asbjørn Eik-Nes hadde ein stor dag, ønskte velkomen og overlet styring av programmet til Tor Øyvind Skeiseid.
Han sydde innslaga fint i hop, fekk fram historia, og dei mange faktorane som var nødvendige for å koma så langt som til opninga av eit minnesmerke og symbol over krigsinnsats med ønskje om fred i framtida!

Ein veteran og ressurs i alt arbeid med krigshistorie  på Haugalandet, Leif Magne Bjørkelund, hadde innlegg som sette situasjonen til norske skip og sjøfolk inn i eit stort, internasjonalt spel om makt, særleg i Europa og Asia.
For mange sjøfolk varte krigen i 6 år, ikkje 5! Tap av norske skip med mannskap var stort, både i 1. og 2. verdskrigen.
Ein stor del av flåten var engasjert i frakt av olje og ulik last i tilknyting til krigføring.
Misnøye med Nortrashipfondet og manglande oppfølgjing frå norske styresmakter etter krigen var også tema under innlegget til Bjørkelund.

Vera Lynn stod for optimisme og tru på framtida for dei allierte soldatane under krigen.
Birgit Nerheim frå Suldal gjekk inn i rolla og framførte «We ’ll meet again» saman med Shantykoret ,-svært autentisk!

 

 

Svenske Alexander Lervik fortalde om bakgrunnen han hadde, med far og farfar som hadde fortalt om sjømannslivet under krigen.
Då han fekk spørsmålet om å laga eit utkast til eit monument til ære for krigsseglarane, var denne innsikta avgjerande for å ta på seg ansvaret.
Monumentet var først planlagd med blank overflate som kunne reflektera bølger, men ut frå ver og klima blei overflata matt og bølgene kjem nå fram i grasplenen rundt «Baugen».  Faren til Alexander,  Kai Lervik, fekk applaus av publikum for bidraget i startfasen av prosjektet.
Asbjørn Eik-Nes sørgde for at alle som i særleg grad har bidratt med dugnadsinnsats og pengestøtte fekk ei hjarteleg takk.

Ordførar Leiv Arne Marhaug takka også alle som har bidratt til å realisera prosjektet som er for heile Haugalandet.

Vigane Båtforening fekk ei særleg takk for å ha tilrettelagt området og samarbeidd godt.
Kjell Myhre frå Båtforeninga venta kanskje ein bukett, men fekk ein hjartestartar som skal stå tilgjengeleg i området!

Sidan 2021 har Knut Tøtlandsmo vore lokal representant i styret på 6 personar.

Leif Magne Bjørkelund fekk æra av å klippa snora som opna trappene opp i «Baugen».
Minnesmerket skal både reflektera kor destruktiv ein krig er, og kunna brukast til meir eller mindre høgtidelege handlingar av framtidige generasjonar i fredeleg samanheng!

Eit svært vellukka arrangement blei avslutta med fedrelandssalma, før publikum fekk koma fram og gå opp trappene, mellom to kransar med teksten: «Takk for freden».

  • Leif Magne Bjørkelund - FOTO: SkudenesNytt

 

 



Lokal annonse :

Du vil kanskje lese...