50-årsjubileum, Skudenes Historielag

Laurdag 19.10 inviterte Skudenes Historielag til jubileumsfest i Blondefabrikken. Knapt 80 gjester, unge og eldre, fekk ein triveleg kveld.
Leiar i styret, Hans Falnes Ellingsen fortalde litt om bakgrunnen for at historielaget starta opp arbeidet igjen i 1974 i samband med at mor hans, Ingrid Falnes Ellingsen, samla inn stoff til ei bygdebok.
Dette skapte ny interesse for lokalhistorie, med innsamling av gjenstandar frå ulike tidsepokar og skriftleg materiale frå Sør-Karmøy, sjøfarts- og byhistorie frå Skudeneshavn.

Behovet for fagleg tyngde og erfaring gjorde at konservator Carl Egil Buch tidleg blei trekt inn i oppbygginga av Museet i Mælandsgården. Han var æresgjest på jubileumsfesten.
I grove trekk er utstillingane i dag lagde opp etter same mønster som dei første åra.

Geir Dale leia programmet på ledig og humoristisk vis, og oppsummerte historisk innsamling som kunsten å skilja mellom skrot og verdi!
Han fletta innhaldet i songane som Skudenes Mannskor framførte fint inn i patriotisme, sild, handel og kvardagsliv.

Randi Elin Nornes Sæle og Catharina Bryan presenterte både seg sjøl og ulike mannekengar, helst frå eigne familiar, i klesdraktar frå -50, -60, -70 og 80-talet, både frå arbeidsliv og privat samanheng. Klasseskiljet var godt synleg.

Forfattar og biletkunstnar Marit Elisebeth Høines Totland, fekk interessa for historie i oppveksten, gjennom faren, Rolf Høines, sine eigne samlingar og formidlingsevne.
Ho laga ein kortversjon av menneska sine livsvilkår i området vårt frå 1758, då det budde 48 «sjeler» i Skudeneshavn.
Garden Vik var den største på Karmøy. Kyrkja på Alvaberg styrte i katolsk tid arbeidsdagen for dei som høyrde klokkeslaga, 3 x 3 slag, til å bøya seg i respekt 3 gonger dagleg før arbeidet kunne halda fram.

Ho minna forsamlinga om at historie er «…oppbrukt tid som me må formidla til dei som kjem etter oss…».
Me må skifta perspektiv alt etter kva som er målet med å minnast det som er tilbakelagt. Folk i området har overlevd krigsperiodar med høgt skattetrykk, lite mat og andre nødvendige varer.
I 1884 vedtok Stortinget å løyva 80 000,- til ein skipskanal mellom Bruravik og Karmsundet for å redusera risikoen for forlis av fiskebåtar på veg heim frå feltet, rundt Skude, i dårleg ver.
Vilkåret for oppstart av bygginga var at silda kom kvart år. Då dette endra seg, blei kanalen heller ikkje bygd!

 

  • Randi Elin Nornes Sæle, Katarina Sigrid Hoversholm Bryan, Hans Ellingen og Lovise Falnes-Ellingsen - FOTO: Arnfrid M. Vårvik

 

 

Den nære kontakten mellom Karmøy og øyane i vest har gitt oss felles røter til eit norrønt språk som Marit E.H.Totland viste interessante eksempel  på, frå Shetland.
Ho forsikra den begeistra forsamlinga om at «…fortida heller ikkje i framtida vil vera som nå….»!

Den dekorative og velsmakande fingermaten var laga av Lauris Megalhaes Ellingsen. Kaffi og flotte kaker bidrog til ein romsleg pause der praten gjekk livleg rundt borda!
Hans Magnus Hillesland hadde laga ein oversikt over dei som hadde hatt kortare  eller lengre periodar som styreleiarar desse 50 åra.
4 av desse var på festen og fekk ein fin miniatyrutgåve av «Damå i parken», laga av Unni Gjerde, som aldri har laga slike skulpturar før!

Historielaget fekk også ei miniatyrgåve: Hilde Gunn Fjell snakka litt om arbeidet med å laga miniatyrhus og -miljø med motiv frå Søragadå. Eit imponerande, flott miniatyrhus skal frå nå stå utstilt i museet som ei gåve frå henne.

Ein av dei patriotiske songane som mannskoret framførte til harmoniumspel av Lars Inge Tjøsthem var «En sang til Skudeneshavn» med tekst og melodi av Einar Drivdahl.
Niesa hans, Aline, budde ein periode hos Odny Melhus, og broderte som takk ein engelskspråkleg versjon av denne songen. Denne innrama songen ønskjer nå Odny Melhus å gi til museet.

 

  • Marit Elisebeth Totland - FOTO: Arnfrid M. Vårvik

 

Magne Apeland takka på vegne av dei 4 styreleiarane for gåva og takka samtidig «arkivportalen» og mange av dei som har ein del av æra for at mykje historisk materiale nå er tilgjengeleg på internett.
Tor Magne Johannessen laga den første heimesida, Jan Marthon Jensen, Seniornett, skriv, samlar og legg ut mykje spennande stoff som ligg tilgjengeleg for alle!

Anders Sørbø las dikt av faren som handla om både Bade-Olena, kvardagsliv, helg og høgtid, krig og fred.

Blondefabrikken, med vertskapet Eli Stølsvik og Knut Arne Nygaard, skal ha sin del av æra for ei historisk rame rundt festen.
Ei stor takk til komiteen: Lovise Falnes-Ellingsen, Randi Elin Nornes Sæle, Katarina Hoversholm Bryan og Guri Mydland som gav oss ein historietime utanom det vanlege!

 

Skrevet av Einar Vårvik

 

 



Lokal annonse :

Du vil kanskje lese...