Inviterer til slåttedag på Syre

Fyrstkommande laurdag 10.juni kl.12.00 til kl. 16.00 på Grødem på Syre inviterer Karmøy Dialekt- og Mållag til slåttedag.

Denne dagen får du tilbod om å læra å slå med longorv, ta opp igjen gamle kunster med longorven eller berre møta andre som liker å bruka longorv.
Å slå med longorv er ein del av vår nære jordbrukshistorie og del av vår kulturarv , på same måte som ord og uttrykk i dialektane våre er det .

Det er også fint om du venter med å slå plenen før bier og humler har forsynt seg med godsaker i plenen din i mai og juni ! Då kan longorven koma til nytte !


Program for dagen:

– Demonstrasjon og kurs i å slå med longorv.
– Knut Sandve og Håkon Tjøstheim snakkar om gamle arbeidsmåtar i jordbruket på Karmøy, og ord og uttrykk knytt til jordbruket her.
– Hesteskokonkurranse
– Det blir sal av «slåttegraut» (rømmegraut). Me stiller med kaffi og saft !

Ta med deg stol og ta gjerne med slipt longorv. Ta med kvass-stein viss du har !
Viss du har ei gammal, god rive som kan brukast i slåtten, så ta ho med også.

 

LJÅEN
Eg er so gamal
at eg held meg til ljå.
Stilt syng han i graset,
og tankane kan gå.
Det gjer ikkje vondt heller,
segjer graset,
å falla for ljå.

Olav H. Hauge

Dette skriv Sissel Førde i en epost til SkudenesNytt.
Vil du delta eller har du spørsmål kan du sende en sms til Einar, tlf. 916 34 702.

 

 



Lokal annonse :

Du vil kanskje lese...