Dette er et leserinnlegg. Innlegget gir utrykk for skribentens meninger og holdninger.
Du kan selv sende inn leserinnlegg til SkudenesNytt på epost her eller til inboksen på Facebooksiden.
LESERINNLEGG: Ny 1-10 skule for framtida
Framtida for Skudeneshavn står på spel, skal vi tolke ut frå reaksjonane som har kome etter forslaget om nedlegging av Skudenes Ungdomsskole.
Eg forstår godt at Skudenesbuen opplever dette som kritisk. Som lærar ved skulen, ein skule eeg har blitt glad i og som eg trivast utroleg godt i, må eg seie at Skudeneshavn har ein ungdomsskule å vere stolt av.
Som Raudt-politikar vil det vere heilt uaktuelt å leggje ned ungdomsskulen og sende elevane til Åkra Ungdomsskule. Likevel må vi ta ein debatt om kva som er den beste løysninga på skulestruktur-saken.
Først og fremst vil eg seie at Raudt er eit parti som ynskjer å setje menneske og natur framfor profitt. Dette har vore eit slagord for oss i ein lang periode. Samstundes høyrer vi argumentasjon frå dei lokale om at politikarar ikkje må setje pengar føre menneska og barna.
Da opplever eg det nødvendig i seie ifrå, at om ein ynskjer at menneske blir satt føre profitt, så bør ein vurdere å stemme Raudt ved neste val.
Nettopp fordi vi ynskjer å setje menneske først, så ynskjer vi å finne ein økonomisk berekraftig løysning, sjølv om kommunen er i ein økonomisk vanskeleg situasjon.
For meg er denne løysninga ein heilt ny 1-10 skule. Dette vil krevje pengar på både drift og investeringar dei neste årene. Difor er det viktig at vi får eit elevtal som kan forsvare bruken av dei summane som ein ny 1-10 skule krevjar.
For å få nok elevar til ei eventuell ny skule, meiner eg det er nødvendig at man slår saman Skudeneshavn skule, Skudenes Ungdomsskule og Sørhåland barneskule.
Slik kan vi sikre at vi får ein skule med eit høgt nok elevtal, som igjen vil føre til eit stort nok fagmiljø blant dei tilsette i skulen og ikkje minst ein skule som blir økonomisk berekraftig.
Dette er oppskrifta på ein berekraftig skule, som kan sikre ein trygg, aktiv og lærerik kvardag for elevane. Noko som sjølvsagt er Raudt sin hovudprioritet!
At Sørhåland må med, kan vere provoserande og vanskeleg. Likevel meiner eg det er viktig å påpeike at også dei private aktørane her kan vere med å gjere noko som er samlande og byggjande for heile sonen.
Det er nødvendig for å få nok elevar til å forsvare å bruke så mykje pengar på ein ny skule. Ein ny skule som kan sikre at Skudeneshavn aldri igjen hamnar i ein situasjon kor ein står i fare for å miste skulen sin.
Det er gjort liknande samanslåingar i andre områder i kommunen. Torvastad skule er i dag eit samlande punkt for heile Torvastad. Stangaland skule i Kopervik er også blitt eit flott døme på ein ny og vakker skile.
På Åkra er det vedteke ein ny barneskule, i staden for å halde fram med 3 av dei lokale skulane.
Ein skule mange vonar skal samle Åkra på ein god måte og skape eit meir attraktivt område. Kvifor kan ikkje dette bli gjort i Skudeneshavn også?
Med ein ny 1-10 skule kan vi også få eit heilt nytt bygg. I fleire år har ein lokalt omtalt både fasaden på ungdomsskulen og forhalda på innsida.
Det er mange gode argumenter for at behovet for eit nytt bygg er stort. På innsida kan vi få eit nytt og moderne anlegg som gjer at elevane sitt fysiske miljø blir mykje betre.
På elevundersøkinga skårar vi alltid dårleg på det fysiske miljøet, og det er ein viktig faktor for elevane si trivsel og læring.
Samstundes kan vi på utsida få eit nytt og flott bygg som både lokale kan vere stolt av, og som turistane kan måpe av når dei kjem til sommarbyen Skudeneshavn.
Eg meiner vi kan byggje framtidas Karmøy samen ved å byggje ein heilt ny 1-10 skule i Skudeneshavn.
Ein skule som kan bli samlande for byen og bygdene rundt, som sikrar at sonen aldri igjen vil måtte frykte nedlegging av skulen sin og ikkje minst kan gje elevane dei beste føresetnadar for utdanningsløpet.
Vi får ein skule som skaper fellesskap. Det har vi i Raudt troa på, fordi vi veit at fellesskap fungerer!