Minneord for Thor Jan Høines

Lærar Thor Jan Høines døydde 26. januar 2023 på sjukehuset i Haugesund.

Han vaks opp i Skudeneshavn og vart 75 år.
Han var glad i musikk  og var i mange år med i musikk-korpset i Skudeneshavn.
Kona Åse fortel at ho og Thor Jan, reiste mange gonger rundt i Norge for å oppleva konsertar.
Han engasjerte seg og mykje idrettslaget. Han var aktiv fotballspelar og fotballtrenar. I ungdomsavdelinga i idrettslaget la han og  ned mykje arbeid.

I 1971 tok han til som lærar ved Skudenes Ungdomsskule. Der underviste han i matematikk, engelsk samfunnsfag og kroppsøving.
Fleire elevar har uttrykt at Thor Jan var ein veldig god lærar og han var og ein som elevane syns var kjekk. Han var i alle år klassestyrar og fagseksjonsleiar.

Thor Jan var fagleg flink. Han var lett å samarbeida med og ein gild og triveleg kollega. Samarbeidet med foreldra var og godt.

I 1986 tok han ein pause i lærargjerninga. Han var forsikringsmann i Storebrand.
I 1993 kom han attende som lærar i Skudenes Ungdomsskule. Der arbeidde han til han vart pensjonist.

Åse og Thor Jan deltok og ofte på kulturkveldane på Fredtun.
Me som arbeidde i lag med han i mange år, syns det er trist at han nå er borte.
Me tenker mest på kona Åse og næraste familie.
Hjå dei blir det største saknet. Me vil ta vare på gode minne.

Skrevet av Magne D. Apeland

 

FOTO: Privat

 

 



Lokal annonse :

Du vil kanskje lese...