Minneord om 100 åringen i Skudeneshavn

Tønnes Hammersmark døydde 24. november 2022. Han feirte 100 årsdagen 27. juli dette året i heimen til Inger og Tønnes.
Enka Inger Vikra frå Sandve, møtte Tønnes på feriereise til Gran Canaria for om lag 20 år sidan.
Dei hadde ein del felles interesser og valgte å bli eit par. Dei var interesserte i å reisa mykje og å  delta i samlingar i  lokalsamfunnet. Tønnes var lærar i mange år m.a. på Randaberg.

Første gongen eg møtte han var Inger og Tønnes med i møte med seniorane på Reinertsen huset i Søragadå.
Då var han over 80 år. Seinare møtte me dei to i fleire ulike samlingar.
Dei var alltid på gudstenester og konsertar i “Falnes kirke”  i Skudeneshavn, med unnatak om dei var på reise til Syden eller på større stevner i Norge.
På kulturkveldane me arrangerer på Fredtun hadde dei og sine faste plasser.

På Skudenes Bedehus møtte dei på føremiddagstreff og andre vanlege møter.
Ei stor gruppe av oss møtte dei og i  mange år, i  Støtteforeningen for Skudenes Bu- og Behandlingsheim.
Tønnes likte å fortelja og spela piano for dei sjuke og gamle. Før Corona – perioden var dei og med på Vea sjukeheim.
Tønnes var ein av dei som gjerne ville delta på det nye ” Skudeneshavn sykehjem”, når det blir ferdig på nyåret 2023. Det gjekk ikkje.

Tønnes var ein kunnskapsrik og interessan mann. Mora hadde lært han m.a. å strikka og litt handarbeid.
Difor kunne han ha både tekstilforming og sløydforming i skulen, fortalte han. Han var og god på musikk.
I Pensjonistforeningen i Skudeneshavn spelte han piano til fellessongane, heilt til det siste. Han hadde og omsorg for andre.
Då eg ein periode i 2021 var litt sjuk, var det ingen, utanom min nære familie, som ringte så ofte og spurte korleis eg hadde det. Om våren ringte han og spurte om eg ville ha ei VÅRHELSING.

Då eg takka ja, klypte han kvister av forsythia-treet  i hagen til Inger og Tønnes, og kom med ein bukett til Gjertrud og meg. Han ville gleda oss med den fine gule fargen av blomane på kvistene.

FOTO: SkudenesNytt

 

Han fekk stor merksemd då han feirte 100 årsdagen.
Jan Marton Jensen i Seniornett Skudenes, dataklubben for seniorar, informerte Seniornett Norge om  at dataklubben i Skudeneshavn hadde eit aktivt klubbmedlem som fylte 100 år dette året.
Seniornett Norge sendte TV 2 til Skudeneshavn og det var eit innslag på TV 2 om kvelden.

Ordførar Jarle Nilsen hadde helsing frå Karmøy kommune og frå Kong Harald den 5.

Det var program om Tønnes i lokalavisene. SkudenesNytt hadde fint innslag der dei viste ein del av det Tønnes har laga og levert til julemessa for NMS i Skudenes og til Santalmisjonen då han var i Randaberg.

Når det gjeld dreiing i trematerial  har han hatt nært samarbeid med Geir Dale. Rune Birkeland nemnde Tønnes sin kunnskap om det enkle musikk – instrumentet alle skulene skulle ha for 150 sidan og seinare.
Namnet er Salmodikon.  I staden for noter brukte dei tallsiffer – system. Tønnes fortalte at han på ei storsamling i Stavanger ved 250- årsjubileumet for Norsk allmueskule i 1989, orienterte i samlinga om dette instrumentet og spelte på det.
Det har han ved fleire høve og gjort i Skudeneshavn.

Håkon Tjøstheim takka han på 100 årsfeiringa, frå Pensjonistforeningen og Jan Marton Jensen frå dataklubben og eg nemnde spesielt Støtteforeningen i min tale.
Mange i Skudeneshavn kjente Tønnes og sette stor pris på han, og det han stod for.

Me  vil ta vare på gode minne!

Skrevet av Magne D. Apeland

 

* Tønnes skal gravlegges ved Falnes kirke fredag 2.desember klokken 10:30

 

 

 



Lokal annonse :

Du vil kanskje lese...